Vest-Telemark Kraftlag AS
VTK vart stifta 13.september 1940, og er idag eigd av kommunane Fyresdal (19%), Kviteseid (19%), Seljord (19%), Tokke (19%), Vinje (19%) og Nissedal (5%). Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, og eit avd.kontor i Treungen i Nissedal kommune. Selskapet driv med produksjon, kraftomsetning, nett og breiband. Produksjonen er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67%) og Sundsbarm Kraftverk (8,5%). Breiband vert drive igjennom Telefiber AS, lokalisert ved hovudkontoret. Konsesjonsområdet dekker eigarkommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid og Rauland i Vinje.